Rytmisk Festkonsert

Plakat. Jan Magne Førde. ID-Huset.
Plakat. Jan Magne Førde. ID-Huset.
Søndag, 22 november, 2015 klokka 17:00

Jan Magne Førde og Ørskog Brass samarbeidde første gang på Tomra Ørskog Festivalen i 2015. Begge ønska etter dette å videreutvikle samarbeidet med nye konsertar. 

Førde nyttar både jazz og etnisk musikk som inspirasjon, og vi får høyre både nykomponerte låter og gamle kjenningar. Med er også Børre Dalhaug (slagverk) og Lars Øverås (el-bass) som vil sørge for godt driv. For både Førde og Ørskog Brass er det viktig å inspirere skulekorpsmusikantar. Difor får vi også høyre Brattvåg Skulekorps under leiing av Jan Magne Førde. 

Forvent heftige blåserekker og oppløftande tonar når trompetvirtuosen entrar scenen saman med spelesugne aktørar!

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: