Såpestykket Lux & Lano

Såpestykket Lux & Lano - Plakat: Brandal Amatørteater.
Såpestykket Lux & Lano - Plakat: Brandal Amatørteater.
Fredag, 28 august, 2015 klokka 20:00
Laurdag, 29 august, 2015 klokka 17:00

På årets Brandalsdagar møter vi brandølingar i fri dressur!

Finst det mange løyndomar i Brandal? Eller er det felleskap og opne dører som pregar bygda? Er bygdekarakterane “raringar” vi flirer av, eller blomstrar dei i små bygder. Og kan ei verdsdame frå Ålesund finne seg til rette her ytterst i havgapet? Spørsmåla er mange, og problemstillingane innfløkte når Brandal Amatørteater inviterer til framsyninga «Lux og Lano». Lux og Lano er som kjent to ulike såper, og dette er ei såpeframstilling med svært ulike og frodige karakterar i den vesle Brandalsbygda.

Er hjortejakta rota til alt vondt? Eller kan resultatet bli kulinariske godsaker på konkurransenivå, når jegeren legg att brillene heime? Kan den trauste kapteinen ha løyndomar for den vakre og energiske bydama si? Og kan ein løyse verdsproblem i ein badestamp ut på Lillebøen? Er det fortsatt liv i Tore på Sporet?

Med bakgrunn frå meir enn hundre år i bygda, lar skribentane oss få eit glimt av samhald, nysgjerrigheit, frisinn, fordomar og ikkje minst korleis ein handterer sensasjoner når “det skjer” i små bygder. Karakterane i den 11 akter lange såpa er framifrå skildra. Her er lite dødtid og mange overraskingar.

Mary-Ellen Brandal har stått for regi og instruksjon. Og i rollene har vi blant andre Ottar Brandal, Evelyn Røren, May-Britt Brandal, Mary-Ann Brandal, Mary-Ellen Brandal (nei, dei er ikkje systre), Ståle Røyset, Dag Audun Eliassen og Stian Runne Brandal.

Velkomen til ei hyggjestund i såpa med desse glade Brandølingane!

Billettar

Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Eventuelle restbillettar vert solgt i døra.

Husk å printe billetten før arrangementet. Om du ikkje har eigen printer, kan du printe billetten på Servicetorget eller i Kinokiosken.

Billettpris
Voksne kr 150,-
Born kr 75,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: