Sølvguttene

Sølvguttene. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Sølvguttene. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Søndag, 9 august, 2015 klokka 19:00

Opplev legendariske Sølvguttene i Fosnavåg konserthus

Sølvguttene er eit norsk guttekor som blei stifta av Torstein Grythe i 1940. Han dirigerte koret fram til Fredrik Otterstad tok over i 2004.

Koret er ein institusjon i norsk song og musikkliv. Sølvguttene har mottatt ein rekke nasjonale og internasjonale utmerkingar og dei har vunne prisen for beste ungdomskor i EBUs internasjonale korkonkurranse Let the Peoples Sing.

Dette fantastiske koret feirer 75 år denne hausten og legg ut på to lange jubileumsturar. Den eine til Mørekysten og Sogn og Fjordane i august og den andre til USA i september der dei skal ha konsertar i Washington, Philadelfia og New York.

Søndag 9.august er det konsert i Fosnavåg og Sølvguttene ser fram til å oppleve den etterkvart så kjende akustikken på denne jubileumsturen.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: