Secret Garden

Pressebilde
Fredag, 9 november, 2012 klokka 19:30

Irsk-norske Secret Garden har lenge vore etterlengta. I haust kjem dei endeleg på besøk til Ingebrigt Davik-huset.

Mange husker nok då ”Nocturne” gjekk seirande ut frå Melodi Grand Prix i 1995. Og det var nettopp denne låta som opna debutalbumet ”Songs From A Secret Garden”, og markerte starten for Rolf Løvland sitt personlege prosjekt. Eit prosjekt han begynte på saman med irske Fionnuala Sherry sommaren 1994.

Namnet Secret Garden er på alle måtar ei poetisk skildring av prosjektet der Rolf Løvlands private musikk kjem til overflata. Musikkstilen kan i utgangspunktet famne fleire sjangrar – klassisk, new age, fusion og tradisjonell irsk og norsk folkemusikk for å nemne nokre – men Løvland understrekar at han lar musikken stå for seg sjølv utan at den skal låsast i nokon sjangerbås.
- Secret Garden er eit uttrykk som skildrar musikken. Det er ein viss sårbarhet i det å være sjangerløs, seier han.

Rolf Løvland har etter kvart blitt ein av Noregs største komponistar, noko songen ”You Raise Me Up” er med på å bekrefte med sitt sal på rundt 35 millionar eksemplar. Låta er kanskje mest kjent gjennom Josh Groban eller Westlife, men framført originalt av irske Brian Kennedy. Faktum er at sangen finnes i godt over 500 versjoner, no nylig gjennom Manchester Uniteds hyllest til nokre av lagets gamle spelarar.
- Den er blitt ei ”brukslåt” – ein ganske utroleg situasjon! Songen lev sitt eige liv med ein variasjon og ei bredde som gjer at den kjem i tallause utgåver. Allereie året etter eg skreiv den, i 2001, starta det å kome andre versjonar av den, fortel Løvland og legg til at han blir audmjuk og fylt av respekt over at låta treff så mange.

Ein lurer jo ofte på om store komponistar lar seg inspirere av anna musikk, og for Løvland sitt vedkomande er det ingen konkrete inspirasjonskjelder reint arbeidsmessig.
- Men eg må lytte til musikk. Det er drivkrafta. Og det er heilt naudsynt for meg å jobbe med musikk.
Men samtidsmusikken betyr ikkje så mykje lengre, og han er ein av dei som syns det er synd at folk ikkje lengre kjøper plater.
- Album er ei kunstform, konstaterer han og legg til:
- Men eg kjøpar mindre musikk sjølv, så her blir eg offer for min eigen kritikk. Det siste gode albumet eg høyrte var ”Raising Sand” frå Robert Plant og Alison Krauss (fra 2007, journ.anm).

I mars holdt Secret Garden konsert i Kristiansand si nye storstue, Kilden – ein konsert som eit fulltalleg publikum elska frå fyrste til siste strofe, også regionsavisa Fædrelandsvennen, som blant anna skreiv: ”… etter halvannen time med Secret Garden føler jeg meg oljet og salvet i sjel og sinn, så alt som måtte være vrient og vanskelig, bare er en fjern erindring. Harmoni er et nøkkelord…”

Konserten på Ingebrigt Davik-huset 9. november blir eit konsept som spring ut frå Secret Garden si siste utgjeving, ”Winter Poem”, fra november 2011.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: