Seniorfest m/ god mat, drikke og ”Litt tå kvart”

Koldtbord. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 31 mars, 2016 klokka 17:00

Vi pynter oss og går på fest!

Vi dekker stort KOLDTBORD m/Roastbiff, Rekekabaret, Røykt svinekam, Spekemat, Karbonader, Skinkesteik, Kald heilkokt ørrett, Røykalaks, Waldorfsalat, Potetsalat, Kyllingsalat, alt med godt tilbehør. Kaffe og bløtkake. Sal av brus og alkoholfritt øl. Koldtbordet er levert av Sjøholt Catering.

Underhaldning av orkesteret ”Litt tå kvart”
”Litt tå kvart” er eit 5-manns orkester beståande av Siv Karin Sæter, Vatne på vanleg fele og hardingfele, Marianne Skuggerud, kjem frå Vallset, men bur i Vaksvik, og Odd Kåre Olafsen på trekkspel kjem frå Daugstad, Sigmund Slaaen på gitar, kjem frå Otta, men bur i Tomrefjord, og Bernt Hansen på bass kjem frå Vaksvik. Orkesteret spelar rein gammaldansmusikk, og Odd Kåre Olafsen har komponert fleire av orkesteret sine melodiar.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Påmeld. i tlf. 412 35 188 innan 23. mars.
Pris for medl. kr. 150,- Ikkje medl. kr. 250,-. Allsongar – åresal – Musikk: Kåre Myren.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: