Seniorkveld

Foto: Cecilie Eikrem Kamp
Torsdag, 24 september, 2015 klokka 17:00

Eldreomsorga gjennom mine øyne og Best før

Cecilie Eikram Kamp:
Cecilie Eikram Kamp er sjukepleiar på Åse sjukeheim. Kvart einaste år, kvar månad og kvar dag endrast ein godt voksen person sin tilværelse seg for alltid ein stad i verda, i Norge, i vårt eige fylke og i din eigen kommune. Og her er det vi, vi som arbeider i kommunehelsetenesta og som har ansvaret for at kvar enkelt vert ivareteken, som den personen du er, på tross av medisiner og diagnoser. Kven var du før du vart sjuk? Og kven er du no?. Vanskelege spørsmål norkre gonger gjev forbausande lette svar, andre gongar har du kanskje ikkje svaret sjølv. Men eg ønskjar å finne det ut. For kun ved å vite kven du er som står framfor meg, kan eg klare å møte dine behov. I alle fall gjere mitt beste for å møte dei.

Knut Bergheim:
Knut Bergheim er fødd i Fiksdal, men no busett på Hildestranda. Knut Bergheim vil fortelje frå boka si "Best før". Han vil gje oss eit humoristisk kåseri om dagleglivet i både notid og fortid, ispedd med fleire sjølvskrevne dikt som "Hekta på vekta", "Ei fattig trøyst" og " mopedisten". Bergheim vil snakke om emnet " 50 år er ingen alder" og " potetball". Boka vert å få kjøpt på Seniorkvelden

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-. Mat og kaffe - loddsal - allsong - Musikk: Kåre Myren.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: