Seniorkveld - Barnekoret Jubalo

Barnekoret Jubalo. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag
Torsdag, 25 september, 2014 klokka 17:00

Etter den svært trivelege seniorkvelden i 2012 med barnekoret Jubalo, kjem no koret på nytt på besøk til Skodje pensjonistlag sin seniorkveld.

Jubalo vil både ha ”Ord for dagen”, dei vil syngje, og spele både som solister, grupper og kor. Medlemane i koret vil stå for loddsal, og inntekta går til koret. Her innbyd pensjonistlaget både foreldre og besteforeldre til medlemane i Jubalo, til ein triveleg torsdag ettermiddag.

Loddsal – Ord for dagen – allsong – mat og kaffe –
Musikk: Kåre Myren. Våre seniorkveldar er opne for alle interesserte.

Treng du skyss – ring 412 35 188

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: 
Kategori: