Seniorkveld - En reise til Svalbard og Havørn - kystens majesteter.

Svalbard. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 27 november, 2014 klokka 17:00

Kjell Petter Stene frå Molde: ”Ei reise til Svalbard” og Roger Engvik Havørn – kystens majesteter.

Willem Barentsz oppdaga Svalbard i 1596. Sidan den gong har Svalbard gitt opphav til sterke historier om fangstliv, bergverksdrift og utrulege ekspedisjonar. Kjell Petter Stene, opprinneleg frå Sjøholt har ved fl eire høve vore på Svalbard. Dei fleste i Ny-Ålesund. Stene har laga fi lmen ”Adresse Polhav” som er eit møte med både selfangarar og gruvearbeidarar. Begge desse gruppene hadde farefulle arbeidsplassar langt mot nord.

Kjell Petter sin siste tur til Ny-Ålesund var i november 2012. Då markerte ein at det var gått 50 år sidan ulukka i 1962, som kosta 21 gruvearbeidarar livet. Gruvedrifta i Kings Bay vart stansa for godt i 1963. Stene vil vise filmen, samtidig som han set den inn i historieramma til Svalbard; frå oppdaginga til Willem Barentsz og fram til i dag.

Roger Engvik: Havørn – kystens majesteter
Det er slett ikkje lett å kome ei havørn på fotohald. I fleire år har fotograf Roger Engvik studert, filma og fotografert havørner i Breisundet, Storfjorden
og fl eire andre plassar i Ålesunds-regionen. Kamuflasje blei bygt i ei bergkløft ved sjøen på Sævollen på Hessa, og utallige timar med åtetilvenning og venting vart det, før dei første havørnene kom ned på berget. Havørner er forsiktige og sky fugler. Men kystens majesteter er også blitt fi lma frå båt, og ein gong var det 11 av dei i kjølvatnet etter sjarken. Roger Engvik har laga film om havørnene og vil på Seniorkvelden fortelje om prosjektet sitt og vise film.

Bill. kr. 60,-. Ord for dagen – mat og kaffe – allsong – loddsal - musikk: Kåre Myren

Våre seniorkveldar er opne for alle interesserte.

Treng du skyss, ring 412 35 188

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: