Seniorkveld: To foredrag

foto: Selja Forlag
Torsdag, 26 september, 2013 klokka 17:00

"Varme hjarte og hender for Demens". Bodil Skare og Ann Helen Urkegjerde fortel om korleis dei arbeider på Hjørundfjordheimen på Søbø. Einar Landmark frå Ørskog fortel frå boka si "Med Henrik Ibsen gjennom Sunnmøre. Arr: Skodje Pensjosnistlag.

 

Med Henrik Ibsen gjennom Sunnmøre:

Sunnmøre og sunnmøringane var viktige for Henrik Ibsen. Reisa Ibsen gjorde på Sunnmøre i 1862 vart eit vendepunkt for den store diktaren, både i livet og diktinga hans.

Det kjem fram i ei ny bok som kom ut denne veka, "Vendepunktet - Henrik Ibsen på Sunnmøre 1862", av Einar Landmark. Boka har mykje nytt stoff til Ibsen-forskarar i inn- og utland.

Forfattaren Einar Landmark (67) tek føre seg den 6-7 veker lange ferda Ibsen gjorde for 150 år sidan i desse dagar. Reiseruta gjekk frå Christiania, opp Gudbrandsdalen, over Sognefjellet til Skjolden og båt ut Sognefjorden til Vadheim. Deretter vandra han nordover gjennom Sunnfjord og Nordfjord til Sunnmøre, der han stoppa lengste tida, før han reiste gjennom Romsdal tilbake til hovudstaden. Undervegs skreiv han ned segner og lokalhistorisk stoff, fann tema og rollemodellar han seinar brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare.

- Særleg viktig var møtet med lokalhistorikaren Peder Fylling på Solnør i Ørskog. Stoffet han fekk av Fylling var gull verdt for Ibsen seinare. Særleg er mykje av "Brand" henta frå Sunnmøre, men det gjeld også mange andre personar og tema hos Ibsen. Eg meiner det er grunnlag for å seie at Ibsen fekk ein ny kveik i diktinga si etter det han opplevde på Sunnmøre, seier Einar Landmark, som har kalla den nye boka for "Vendepunktet".

Boka kjem ut på Selja Forlag, og det var fullt hus under boksleppet på Sunnmøre museum i Ålesund på ein søndag midt i ferien.

- Eg vart svært glad over at så mange kom og ville høyre meir om Ibsen. Frammøtet viser at han framleis er aktuell for sunnmøringane. Vi må hugse at både Ibsen sjølv og kona hadde mykje slekt på Sunnmøre, og det var nok ikkje tilfeldig at han reiste nettopp dit på eit tidspunkt i livet hans då han var i krise, både i privatlivet og i arbeidet på teateret. Det skulle vise seg å vere eit lykkeleg val, og etter 1862 peika pila for Ibsen oppover, seier Landmark.

Pressemelding 17.07.2012

Stad
Klubbhuset Skodje I.L.
6260
Skodje
Kommune: