Seniorkveld - "Fortel meir då besta"

Torsdag, 28 august, 2014 klokka 17:00

Vigdis Knardal frå Rovde: ”Fortel meir då besta” og Eystein Hjelme: Nøysemd 2

Vigdis Knardal er utfl ytta Sykkylving, men no busett på Rovde, og vore lærar i skulen i Vanylven i fl eire år. Mor hennar, Johanne O. Sætre, var det vi må kunne kalla, ei forteljande kvinne. Heilt til ho døde i 2011, fortalde ho historier kvar einaste dag, skriv Vigdis ommor si – som vert kalla ”besta” i føreordet i boka. Og så har altså dottera notert ned nokre av desse historiene – noko som har vorte til to bøker. I begge bøkene har Vigdis fått hjelp av mannen sin, Per, til å illustrere stoffet med strekteikningar. Gjennom boka får vi vere med på torvskjering.

Vi får innblikk i korleis det var å gå på skule i den tida, og om kva dei gjorde på i friminutta. Gjeremål på garden som spøting, binding av fi skegarn, rivetinding og lapping av sko og klede, høyberging og løfsebaking er blant historiene som er fi nt skildra. Bøkene vert å få kjøpe på Seniorkvelden.

Nøysemd 2
I denne boka stiller forfattaren Eystein Hjelme spørsmålet: Må vi stadig kjøpe noko nytt, eller kan vi til dømes pusse opp den gamle kjøkkeninnreiinga? Kvifor kjøpe mat full av e-stoff, når vi kan fi ske, plukke bær og bake eigne brød? Kvifor kjøpe brød med tilsetjingsstoff?
Denne boka kan vere nyttig for den som er lei av e-mat og shopping og treng tips til eit liv der besteforeldra sin kunnskap om å bruke naturen kjem i fokus. Eystein Hjelme har tidlegare skreve boka ”Nøysemd”, som har fått mange lesarar.

Dette er bok nr. 2 i serien om nøysemd. Begge bøkene vert å få kjøpt på Seniorkvelden.

Bill.kr. 60,-. Ord for dagen – allsong – loddsal - mat og kaffe

Våre seniorkveldar er opne for alle interesserte. Treng du skyss, ring 412 35 188

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: