Seniorkveld m/Skodje sogelag og Teater Vito

Fotokjelde: Skodje Sogelag.
Torsdag, 24 november, 2016 klokka 17:00

Skodje sogelag vart skipa i 1973, for å ta vare på og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid. Sogelaget har bl.a. gjeve ut gards- og ættesoge for Skodje. Harald Honningdal frå Sogelaget kjem til Seniorkvelden for å fortelje og vise gamle bilete frå Skodje, samt å snakke om digitalisering av gamle bilder.

Teater Vito m/Kabaret om Evert Taube
Gjennom ein musikalsk leik med trekkspel, gitar, tuba, klokkespel og perkusjon går vi inn i Evert Taube sin barndom i den svenske skjærgården. Derifrå går reisa til sjøs og livet om bord, vidare til cowboenes rike der vi får treffe Carmencita, okser og rette stemninga med argentinsk tango. Så går skuta mot det sydlege Europa, før vi igjen endar opp i nord og Englamarken. Med på denne musikalske reisa er Knut Ivar Bøe, Richard von Løwensprung og Karoline Isaksen.

Alle våre Seniorkveldar er opne for alle interesserte
Gratis adgang - Mat og kaffe – Åresal – Allsong – Musikk: Kåre Myren.

Arr. er støtta av Den Kulturelle Spaserstokk.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: