Seniorkveld m/Storfjordens Venner m/fleire

Storfjordens Venner restaurerer. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 28 april, 2016 klokka 17:00

Natur og kultur langs Stordfjorden og Nasjonalromantisk song og musikk.

Asgeir Kvernberg fortel om Storfjordens Venner sitt restaureringsarbeid gjennom 41 år, og viser mange bilder frå utvalde fjord- og fjellgardar der foreininga har hatt prosjekt. I Skodje har foreininga restaurert notnaustet til Flaggermusa på Honningdalsneset. Det vert presentasjon og sal av jubileumsboka ”Med hjarte for arven”.

Nasjonalromantisk song og musikk
Torgeir Lillevold er ein allsidig musikar som er velkjend i bygda. Han er også kjend for mange med sine morosame karakterar som mellom anna ”Fuglekikkaren” i Skøye teaterleg. Han trakterer mange forskjellige instrument etter fleire år som musikar i fleire band. Camilla Brusdal elskar å syngje, og det har ho gjort sidan ho var lita jente. Ho har vore innom fleire sjangrar i ulike opptredenar. Ho har tidlegare vore vokalist i bandet ”Rubbel & Beat”, og er i dag vokalist i Brattvågbandet ”After Nine”. Til denne seniorkvelden har Camilla og Torgeir skreddersydd eit Nasjonalromantisk repertoar som eit supplement til den storslåtte sunnmørske naturen.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-
Mat og Kaffe – Åresal – Allsong – Musikk: Kåre Myren.

Arr. er støtta av Den Kulturelle Spaserstokk.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: