Seniorkveld - Sunnmørskyrkjene-endeleg mellom to permar og El. sikkerhet i heimen.

Skodje kyrkje. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag
Torsdag, 27 mars, 2014 klokka 17:00

Det er eit stort stykke pionerarbeid som forfattar Øystein Ekroll har lagt bak seg, når han no kan presentere dei 50 sunnmørskyrkjene og historiene deira – både enkeltvis og samla – mellom to permar. Det andre foredraget denne kvelden er med Paul Sandanger frå el. sikkerhet Møre som vil først og fremst informere om korleis ein kan unngå at det tek fyr i heimen din.

Øystein Ekroll: Sunnmørskyrkjene – endeleg mellom to permar Det er eit stort stykke pionerarbeid som forfattar Øystein Ekroll har lagt bak seg,
når han no kan presentere dei 50 både enkeltvis og samla – mellom to permar. Historia til dei enkelte kyrkjene er lite kjend for dei fl este av oss. Der er nemleg svært få som har forska på dette emnet på ein systematisk måte. Som arkeolog og spesialist på steinbygningar frå mellomalderen, har han sidan 1992 arbeidd som forskar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider i Trondheim. Boka er ei rikt illustrert praktbok på 384 sider i stort format, og svært rikt illustrert. Per Eide frå Ulsteinvik er fotograf i boka og har late seg inspirere av kyrkjene, ornamenta og kulturskattane som kvar av desse staselege bygga ber med seg. Boka vert å få kjøpe på seniorkvelden, og Øystein Ekroll vil signere.

Paul Sandanger frå El.sikkerheit Møre: El.sikkerheit i heimen Paul Sandanger vil først og fremst informere om korleis ein kan unngå at det tek fyr i heimen din. Det omkjem 60 til 80 menneske i Noreg kvart einaste år i brann og rundt 60% av desse brannane har elektrisk årsak. Kvar 10. brann er igjengløymde kokeplater som står med varme på. Paul Sandanger har vore med på brannetterforskning i lag med politiet i over 25 år og har med seg ein heil del utstyr som har teke fyr i hus og heimar. Han har og med seg brosjyrer om korleis ein kan unngå brann.

”Syngjande og spelande brannetterforskar” Paul Sandanger likar å ta fram gitaren og syngje litt i ulike samanhengar. Difor tek han med seg gitaren og vil ha ein liten ”minikonsert”, når han likevel er på Skodje.

Bill. kr. 60,-. Ord for dagen – mat og kaffe – allsong – loddsal - musikk: Kåre Myren. Våre seniorkveldar er opne for alle interesserte. Treng du skyss, ring 412 35 188.

Stad
Skodje Stadion
Kommune: