Seniorkveld - Syng om Guds kjærleik og omsorg og Jan Mayen kveld!

jdlafjsdjl
Torsdag, 24 april, 2014 klokka 17:00

Gro Inger Bratholm Hofseide kjem frå Ellingsøya. Ho er godt gift og har mann, born og borneborn. Gro Inger er utdanna kreftsjukepleiar, og ho brukar mykje av tida si til song og musikk. Svein Ove Flaaten kjem til seniorkvelden med foredrag og film. Denne gongen er det altså den norske utposten Jan Mayen som skal få merksemda.

Gro Inger er utdanna kreftsjukepleiar, og ho brukar mykje av tida si til song og musikk. Ho har gjeve ut to CD-ar med tekstar bl.a.
av Haldis Reigstad, Finn Arne Roaldsnes, og Annbjørg Helland Sævareid. Gro Inger har laga nokre av tekstane sjølv også, og melodiane er hennar eigne. Tekstane som Gro Inger syng og spelar handlar for det meste om Guds kjærlegheit og omsorg, men nokre av songane omhandlar ogsånaturen. Gro Inger spelar sjølv piano til songane, eller ho brukar singback.

Foredraget til Svein Ove Flaaten vil ta for seg om det å arbeide og bo på Jan Mayen, kva gjer ein på arbeid og på fritid. Svein Ove har frå tidleg av hatt stor interesse for denne øya, og han fekk stasjonere der som vedlikehaldsleiar i snart 2 år, frå 2006 til 2008. Etter dette har Flaaten studert og samla mykje historie som han vil dele med oss denne kvelden.

Bill. kr. 60,-. Ord for dagen – mat og kaffe – allsong – loddsal - musikk: Kåre Myren Våre seniorkveldar er opne for alle interesserte. Treng du skyss, ring 412 35 188

Stad
Skodje Stadion
Kommune: