Seniortreff

Fotokjelde: Mannskoret Dovre
Torsdag, 29 oktober, 2015 klokka 18:00

Mannskoret Dovre, Kåseri v/Liv Randi Bjørklukke, Rauma Spelemannslag og Åmdal Trekkspelklubb

Mannskoret Dovre:
Mannskoret Dovre blei skipa 11. sept. 1913. Koret feira såleis 100- års jubileum i 2013 med mellom anna tur til Irland, der det vart halde ei rekke konsertar. Koret har for tida 52 aktive songarar. Korets sin dirigent er Maria Hiteva, som er den fyrste kvinnelege dirigenten i koret si 100-årige historie. Mannskoret Dovre er eit aktivit kor med ambisjonar om å stadig utvikle seg som kor. Difor deltek koret på mange arrangement kvar år, både songarstemne og korkonkurranser. Helge Wolstad er koret sin leiar.

Kåseri v/Liv Randi Bjørklykke:
Bjørklykke kjem frå Sykkulver og er forfattar og humoristisk kåsør. Ho har gjeve ut fem kåserisamlingar, skreve ættesoge for Stordal, og spesialisert seg på bøker om fråflytta gardar ved Tafjorden. I 2010 oppretta ho sitt eige forlag, der ho har gjeve ut sju bøker og ein CD

Rauma Spelemannslag:
Rauma Spelemannslag har 10-12 medlemmer, og spelar gamaldansmusikk, i tilleg nokre andre rytmar. Besetninga består av feler, klarinett, tussefløyter, trekkspel, bass og gitar. Rauma Spelemannslag feirer i september i år 50 års jubileum. Spelemannslaget opptrer på lokale arrangement, og vert ofte brukt som underhaldnarar til turistar, og då gjerne saman med Rauma leikarrig.

Åmdal Trekkspelklubb:
Åmdal Trekkspelklubb er ein av dei aktive trekkspelklubbane i Møre og Romsdal. Året var 1978 då den såg dagens lys, og har sidan dreve med nokonlunde jamn rekruttering. Besetninga er 10 trekkspel i tilleg til bass og trommer. Åmdal trekkspelklubb spelar for det meste gammaldans, men er også innom underhaldningsmusikk, noko dei vil vise oss denne kvelden. Prøysen sitt 100-års jubileum var i fjor, men dei vil servere eit potpouri av kjende Prøysen melodiar. I tillegg vert det fleire svingande melodiar som klubben har spelt gjennom alle år og fram til i dag.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-. Mat og kaffe - loddsal - allsong - Musikk: Kåre Myren.

Stad
Gomerhuset på Skodje
Kommune: 
Kategori: