Seniortreff - Bjøro Håland og Per Bjørn Ellingseter

Bjøro Håland. Pressebilete.
Torsdag, 30 oktober, 2014 klokka 17:00

Konsert og kåseri i kultursalen, Gomerhuset.

Bjøro Håland
Bjøro har eit trufast publikum, og nye fans kjem til. Bjøro gir publikum sine favorittsongar nytt liv frå scena som ingen andre. Alle dei gamle gode og dei nye songane vi elskar å høyre, om att og om att. Bjøro Håland er ein stor songar og ein gentlemann. Med si
umiskjennelege varme signatur stemme framførar han raske gamle standard låter, svisker frå 60-talet til 2014, klassiske nye og gamle contry songar og ballader. Bjøro syng med ekte kjærleik og innleving. Det oppstend magi mellom Bjøro og publikum same kvar han kjem. Bjøro Håland reiser kvart år på 2-3 turneer i USA. I oktober i 2013 hadde han opptreden på Norsk Høstfest North Dakota for 28. gong. Publikum her vil ha han attende år etter år.

Per Bjørn Ellingseter - Sunnmøre sett frå Romsdalssida
Per Bjørn Ellingseter er fødd i Fiksdal i 1943, og har bodd heile sitt vaksne liv på Vestnes. Han er utdanna lærar, har vore både det, inspektør, rektor og pedagogisk konsulent i Vestnes kommune. Han har og vore kultursekretær i to år. Per Bjørn er lokalhistorisk skribent, ma.a forfattar av bygdeboka ”Gard og slekt, Skorgen krins”. Han skriv for tida historia om Hellandheimen. Per Bjørn er leiar i Vestnes sogelag, og har i 16 år vore redaktør for laget sitt tidsskrift. I 2012 fekk Per Bjørn Vestnes kommune sin kulturpris.

Stad
Gomerhuset
Kommune: