Seniortreff med Kirsti Sparboe og Per Husby m/fleire

Kirsti Sparboe. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 27 oktober, 2016 klokka 18:00

Kirsti Sparboe og Per Husby, Jostein Kvithaug, Odd Arne Halaas med Johannes Kleppevik, Bodil Grindvik Uri og Ålesund Dixi.

Kirsti Sparboe og Per Husby - NORDLANDSNETTER
kven hugsar vel ikkje den? Kirsti Sparboe sitt glansnummer frå mange år attende. Den er framleis på repertoaret og publikum vil få høyre alle dei kjende og kjære songane med fine melodiar og norske tekstar. Kirsti Sparboe har med seg stødige Per Husby, kapellmesteren frå Da Capo gjennom mange år, på flygel. Så då er det berre å låne øyret sitt til den gode, gamle og melodiske songen og musikken.

Jostein Kvithaug
Skriv eigne dikt, og reiser rundt i distriktet , og i kveld er han på Seniortreff på Skodje. Jostein skriv humoristiske dikt, og han har gjeve ut fleire bøker med dikta sine. Tekstane i dikta er treffsikre tidsbilete, der ein kan oppleve både dagsaktuelle og reise attende i tid. Vi får vere med på både friarferder, og dans på ungdomshuset, og vi får høyre bilhistorier, for Jostein Kvithaug er ivrig på veteranbiler.

Odd Arne Halaas med Johannes Kleppevik
Odd Arne Halaas er kjend som humorist, songar og trekkspelar frå Fræna på Nordmøre. Odd Arne vart kjend med Johannes Kleppevik og hans musikk på slutten av 90- talet, og har sidan den gong hatt eit nært forhold til Johannes Kleppevik sin musikk. Odd Arne tek med seg trekkspelet sitt og vil syngje dei kjende og kjære låtane og fortelje litt frå Johannes sitt liv som sjømann, cowboy, musiker og artist.

Bodil Grindvik Uri
Skøye Teaterlag si ”Grand old Lady”. Når Bodil kjem på scena, står latteren i taket, lenge før ho har starta å fortelje ei historie. Vi gler oss til å møte Bodil igjen, og denne kvelden er det i fri utfoldelse. Kva slags påfunn og historier ho har funne på, er det berre ho sjølv som veit. Ta med lommeduker og tørkepapir for her vil gledestårene trille. Vi garanterer ei uforgløymeleg stund.

Ålesund Dixi
Bandet vart starta i 2007 og består av musikarar frå Ålesund området. Musikarane er Leiv Ståle Aasebø, klarinett, Geir Breivik, trompet og vokal, Einar Longva, trombone og vokal, Sigbjørn Brunstad, gitar og banjo, Odd Arne Risvik, bass og Alf Eide, trommer. Bandet spelar Dixiland Jazz, populært kalla glajazz, og det vert påstått at når Ålesund Dixi spelar opp, rykker det i dansefoten. Blant melodiane, som bandet spelar, er det mange kjende og kjære fra Jazzens gullalder. Ålesund Dixi har gitt konsertar både på Jazzsirkelen i Ålesund og Molde, Teaterfabrikken Ålesund og Matfestivalen, og no på Seniortreff på Skodje.

Bill. kr. 150,- kan kjøpast på www.gomerhuset.no, eller v/inng. frå kl. 17.00, eller i tlf. 702 44190.
Dørene opnar kl. 17.30. Ledsagerbevis. Stort blomsterlotteri. Kafe.

Alle er hjarteleg velkomne

Arr. er støtta av Den Kulturelle Spaserstokk.

Stad
Gomerhuset på Skodje
Kommune: 
Kategori: