Show med Benedicte Adrian og Partymix

Benedicte Adrian. Pressefoto.
Benedicte Adrian. Pressefoto.
Laurdag, 16 august, 2014 klokka 20:00

Kl 20.00 Show med Benedicte Adrian og Partymix. Fyrverkeri fra 80-tallet med smakebiter blant anna fra Dollie de Luxe, Which Witch, Abba og Kate Bush.

Benedicte Adrian er ein norsk artist, komponist og TV-personlegdom, og er mest av alt kjend frå duoen «Dollie De Luxe» saman med Ingrid Bjørnov. PartyMix har kapellmeiser Geir Langslet i spissen, og dei kjem med åtte musikarar til Trebaatfestivalen.

Festshow
-Vi lovar å halde stemninga på topp frå vi startar til vi er ferdige, fortel impresario for PartyMix Jann Finsveen frå JF Event under frukostmøtet, og vi har planlagt ein spesialtilpassa konsert berre for Trebaatfestivalen. Det blir mykje fin partymusikk, mellom anna ein god del ABBA-låtar , men også mykje anna med høg party- og allsongfaktor, der alle låtar har vore store hits i Noreg.  Ta med vener og kjende, for festivalplassen skal fyllast opp denne kvelden!

Benedicte Adrian har spelt i Ulsteinvik ein gang før - tidleg på 80-talet i gamle samfunnshuset, og synest det er kjekt å vere tilbake, sjølv om ho ikkje kjenner seg heilt igjen.

-Det er flott at de har utvikla staden så mykje. Og som artist merkar eg det jo godt at det skilnad på før og no. Eg har turnert i rundt i heile landet i mange år, og garderobane til konsertlokala kunne vere ganske dårlege tidlegare – om der i det heile tatt var garderobar. Ein gang måtte vi skifte kle på eit fryserom – før ein konsert, ler Benedikte, og fortel at det er flott å bu på Quality Ulstein Hotel.

-Det er lettare å synge når ein har sove godt, smilar ho, og legg til at ho har store forventningar til konserten i Ulsteinvik i august, og håpar mange vil synge med denne kvelden.

Nytt i år
Trebåtfestivalen har også fleire trekkplaster på lur. Torsdag kveld kjem Cecilie Skog for å halde motivasjonsseminar, og på fredagskvelden skal New Jordal Swingers underhalde i festivalteltet. Kaptein Blåtann kjem igjen til å entre scena laurdagen og underhalde borna, det vert salsboder og mykje liv og røre i sentrum. Tivoliet vil halde til ved Rolls-Royce som før.

I år vert Trebaatfestivalen avvikla på Kulturalmenningen i Ulsteinvik sentrum, og ikkje Geileneset og Rådhusplassen som tidlegare år. Flyttinga måtte til grunna utbygginga av Sjøgata, men festivalleiinga ser positivt på endringa, og meiner dette skal fungere veldig bra. Alle trebåtar får bryggeplass rundt Quality Ulstein Hotel, og i år som før er det gratis bryggeplassar med straum, vatn og internett. Gratis frukost i festivalteltet vert det  også tradisjonen tru, på laurdagsmorgonen.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: