Show med Lothepus

Lothepus. Pressebilete.
Lothepus. Pressebilete.
Fredag, 15 august, 2014 klokka 20:00

-Hæ? Skal vi opptre på Sunnmøre i sommar? Ja, då veit du meir enn eg … men no må eg sprengje ei salve her, seier Lothepus frå Fjorden Cowboys. Men lesarane får tru oss på ordet: Hardanger-duoen, som har gjort det stort på TV2 i det siste, skal opptre på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik 15. august.

Når tid var det, sa du? Undrar Lothepus. Lett forvirra.

-15. august…

-15. august? Langt fram, det. Jaja, du får koke i hop noko. Vi opptrer jo omtrent kvar jævla dag i sommar – eit helsika køyr. Eg har ikkje oversikt. Men no var det den salva eg skulle sprengje … like før no, alt er klart, peser ein litt oppkava Lothepus.

43 år gamle Leif Einar «Lothepus» Lothe har dei siste åra vore ein lokal kjendis i Hardanger, og gjennom TV2-serien «Fjorden Cowboys» har han og den ti år yngre kompisen Joar Førde blitt rikskjendisar, om ikkje i A-klassen, så minst i B-klassen.

«Fjorden cowboys» handlar – for dei som ikkje allereie har registrert det – om dei to anleggsarbeidarane Joar og Lothepus frå Sørfjorden i Hardanger. Lothepus er entrepenør, og Joar leiger seg ut til Lothepus.

Joar likar å kalle seg for eventyrar og levemann. Lothepus bur saman med kjærsten Randi, er maskinentrepenør, og driv sitt eige firma, og er han country-musikar på si.

Kompanjong Joar Førde har ikkje gjeve seg i kast med ein countrymusikar-karriere, men skal i følgje presseoppslag frå tidlegare i år vere meir oppteken av god mat.

Og skulle det gå bra med alle sprengingar og opptredenar dei neste seks vekene, så kan altså Lothepus og Joar nytast på trebåtfestivalen. I Ulsteinvik. 15. august. Om høgare makter vil.

Heile intervjuet med Lothepus kan du lese i Regionavisa onsdag 2. juli.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Show kr 280,-

Husk å printe billetten din før arrangementet!

Overnatting og mat 
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: