Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad.
Sigrid Moldestad. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad.
Onsdag, 2 desember, 2015 klokka 19:30

Gjentek suksessen frå i fjor: SIGRID MOLDESTAD med ny VINTERSONGturnè

Fjorårets utselde VINTERSONG turne vart ein stor suksess! Med ei blanding 

av eigne songar, julesongar og andre låtar som passar mørketida lagde Sigrid 

Moldestad ein unik førjulskonsert. Det er difor med stor glede ein kan melde 

at ho gjentek konsertideen også i år.

” Vintersong er eit drøymeprosjekt” seier 

ho. «Eg hadde lyst å lage ein konsert med songar eg sjølv likar å lytte til i 

vinterhalvåret, nye versjonar av mine låtar og klassiske julesvisker i ei 

personlig musikalske drakt. Eg er veldig audmjuk over at folk likar å gå på 

konsert på denne tida av året, og at tilboda er mange. Difor var målet mitt å 

lage ein litt annleis konsert. Det trur eg vi lukkast med ifjor, seier ho. ” 


Musikalsk bevegar Sigrid Moldestad seg mellom tradisjon og fornying. Ho 

spelar hardingfele og fele, syng og skriv låtar. Til no har det vorte fire plater og 

den forrige plata ”Brevet til kjærleiken”  vart kåra til ”Årets album 2014”, 

uansett genre, av NRK P1´s ”Norsk på Norsk”.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: