Sigrid Moldestad & Band

Sigrid Moldestad. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad.
Sigrid Moldestad. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad.
Torsdag, 20 november, 2014 klokka 19:30

”Vintersong” med vener

Sigrid Moldestad gjer seg klar til eit musikalsk gjestebod framfor jul. Ho kallar konserten ”Vintersong” og den vil med det ikkje berre innehalde julerepertoar men også andre songar og låtar som passar den mørkaste årstida.  ”Ein mulighet å gjere songar eg ikkje gjer elles,” seier Moldestad.   I grenselandet mellom folkemusikk, americana, viser og salmar vil folkartisten gje publikum ei personleg, livleg og vakker stund med ord og tonar, både i engelsk og norsk språkdrakt.

Ho tek med seg eit venelag av musikarar på ferda i tillegg til nokre spesielle gjestar på utvalde stader. ”Vintersong” tek til i slutten av November og vitjar i hovudsak Sogn og Fjordane og Hordaland. Premieren vert i Bergen 18 November.

Sigrid Moldestad er ei av våre fremste folkartistar. Med 4 soloplater, 2 Spellemannsprisar og ei rekkje utmerkingar i bagasjen har ho jobba seg fram som ein attraktiv og aktiv musikar med särpreg. Vinteren 2014 kom plata ”Brevet til kjärleiken” med tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad. Musikken på plata gav uvanlig god mottaking frå kritikarane og fulle konserthus. Sigrid Moldestad er kjend for å levere unike, gode og personlige möter med sitt publikum, såvvel som ho alltid omgjer seg med stjernelag av solide musikarar.

”Vintersong” blir ikkje noko unntak. Dette er første gong Sigrid Moldestad legg ut på førjulskonsert-turne.

Produksjonen er eit samarbeid mellom Moldestad, HiHat Management og Fjordane Musikkforum.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: