Sigrid Moldestad & Oddgeir Bruaset

Sigrid Moldestad og Oddgeir Bruaset. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad/Oddgeir Bruaset.
Sigrid Moldestad og Oddgeir Bruaset. Foto: Alle rettigheter Sigrid Moldestad/Oddgeir Bruaset.
Torsdag, 3 desember, 2015 klokka 19:00

Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad legg ut på førjuls-turneen “Vintersong” saman med fullt band. Moldestad gir ut tre nye songar i ein eigen jule-EP. Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle både utgjevinga og konsertstadane ho besøkjer før jul.

Spesielt med besøket på Ingebrigt Davik-huset er at folkemusikaren møter folkestemma Oddgeir Bruaset i eit unikt samarbeid med historieforteljing og julemusikk. Det populære NRK-ikonet, kjent for serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", kjem for å sette si velkjende og folkelege stemme til Moldestad sine nydelege og varme songar. 

Etter ein kveld som dette er adventstemninga i boks - det garanterer vi!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: