Sigvart Dagsland og Garness

Sigvart Dagsland. Pressefoto.
Søndag, 21 april, 2013 klokka 19:00

Opplev ein av landets finaste vokalistar saman med eit superlag av lekne musikantar. I bagasjen har han songar frå heile karriera si frå 80-talet og opp til i dag.

Ei konsertoppleving med Sigvart Dagsland er eit møte med ein artist som meistrar publikumsromet til fulle. På sine konsertar tek han publikum med seg; frå sårbare til kraftfulle stemningar og vokale prestasjonar. Alltid med eit skrått og tidvis gapskrattande blikk på tilværet sine mange fasettar, alltid med ein djup respekt for dei band som bind artist og publikum, forteljar og lyttar, saman.

Med seg på scena har han søstrene Ingelin Reigstad Norheim: Gitar & Song og Hildegunn Garnes Reigstad: Perkusjon, Klokkespel, Elharpe, Marxophone & Song og Torjus Vierli: Keyboards, Trekkspel & Sang.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: