Silje Nergaard

Silje Nergaard. Pressebilete.
Silje Nergaard. Pressebilete.
Søndag, 8 november, 2015 klokka 19:00

Kven hadde trudd at det femtande albumet til suksessfulle Silje Nergaard skulle vere plata der ho fann sin eigen stemme og for første gong følte seg fri, komfortabel og heilt fornøgd?

Chain Of Days har blitt ei plate med elleve genre-overskridande songar som møysommeleg er snekra saman til eit album med melodien i fokus.

På det nye albumet Chain Of days har ho både leika med folk, pop, country, jazz og blues, men heile vegen gjenkjenneleg gjennom Silje Nergaards tydelege signatur. Overraskande nok er det på Silje Nergaards femtande album ho for aller første gong følte seg heilt fri og som seg sjølv som songar på plate. 

- Det er kanskje litt trist at det tok so lang tid og at eg ikkje fann ut korleis ein kunne gjere det før. Men det er veldig deilig at eg endeleg har kome til kjerna. Eg trur og håpar at folk høyrer det. Eg høyrer det i alle fall. To element har vore avgjerande. I staden for at musikarane har spelt inn kvar for seg bak eit glasvindauge i studio, inviterte Silje Nergaard bandet til å spele inn saman live. Ho hadde med gitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen som ho har spelt med i seks år 

- Gitarane har blitt ryggraden i musikken og vi er så nære at vi har blitt som ein når vi spelar saman. I tillegg inviterte hun sin aller første bassist Audun Erlien og trommeslagar Anders Engen som også har produsert albumet . 

- Det er ekstremt dyktige musikarar som eg stolar på og vi spelte inn live i studio. Det blei ei fantastisk veke. Det er noko heilt anna når ein står saman og kjenner bandet I kroppen. Det blei naturleg og autentisk. Men den viktigaste grunnen til at Silje Nergaard for første gong følte ho brukte sin eigen frie stemme i ei plateinnspeling var ei enkel, teknisk avgjerd. 

- Eg blir ikkje så lett nervøs og anspent når eg driv med musikk. Då føler eg meg jo trygg. Men når eg har gått i studio for å spele inn plater har eg likevel blitt nervøs og har grudd meg litt til å synge, utan å skjøne kvifor. Teknikar Ulf Holand hadde ei løysing. For første gong blei Silje bedt om å ta av høyretelefonane når ho skulle spele inn. 

- Plutseleg oppdaga eg at eg syng annaleis når stemmen min runger i øyrene. Eg blir sjølvbevisst, nesten litt redd og eg har ikkje kontakt med kroppen min. Utan høyretelefonar blei det som å stå på scena og ei heilt ny, befriande oppleving. Det var eit veldig kick. 

I tillegg til 10 eigenkomponerte songar er det er også blitt plass til ein coverlåt, Hunting High And Low. Silje var i England på same tid A-ha var blitt store stjerner i England og har eit eige band til dei. Ho ville lage ein hyllest til dei og ein av deira største songar. 

- Hunting High And Low er ein av dei aller finaste poplåtane eg veit om. Den er stor, nydeleg og heilt unik. 

Innspillinga av Chain Of Days har vore ei ny oppleving for Silje Nergaard og har blitt ei plate ho er stolt av. 

- Eg håpar eg lagar musikk som kan vere lydbilete til folks liv. At mine songar kan halde lyttarane i handa både gjennom gode og triste dagar. 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: