SIRÉNE 20 år

Sirene. Fotokjelde: Herøy Konserthus.
Sirene. Fotokjelde: Herøy Konserthus.
Laurdag, 20 juni, 2015 klokka 19:00

For 20 år sidan starta Torgeir L. Hauge koret Siréne. Han har leia koret i desse åra frå eit ferskt jentekor til i dag å vere eit veletablert damekor med 18 medlemmar frå Søre Sunnmøre.

Torgeir hadde ein visjon om å få til eit kor som kunne vise til svært gode prestasjonar, og har hatt høge ambisjonar for koret i alle desse åra. Resultatet har vore at Siréne har delteke i mange nasjonale og internasjonale konkurranser i A-klassen. Koret har i dei fleste konkurransane hevda seg blant topp tre, og kvar gong vorte rangert til «Gulldiplom», som tyder at koret held høg internasjonal standard. 

Siréne har også hatt gleda av fleire typar oppdrag som til dømes konsertar saman med Det norske Solistkor, Sølvguttene og Cantus. Dei har hatt mange oppdrag for næringslivet i området, også med Kongen til stades.Siréne ynskjer å markere 20 år, og det skal gjerast saman med gjestar som koret har hatt gleda av å samarbeide med tidlegare. Blant gjestane er Rein Alexander songar, Leiv Arne Nydal felespelar, og Jostein Storøy pianist. Til konserten er også tidlegare Sirénejenter invitertJubileumskonserten vil innehalde mykje spennande musikk frå forskjellige sjangrar. Vi vil presentere eit allsidig repertoar som vi trur publikum vil setje stor pris på, sett saman til ein minnerik konsertoppleving.Koret har og med eit svært profesjonelt orkester, pluss det beste som var å finne i landet av lyd og lys personar.

Vel møtt, du vil ikkje angre.

 

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: