ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei flott konsertoppleving når damekoret Siréne vitjar Herøy Brass i Fosnavåg konserthus. Begge aktørane skal til NM; Siréne no i haust og Herøy Brass i februar 2018.
Siréne
Damekoret frå Gursken er kun dagar unna si deltaking i NM for kor i Trondheim. Repertoaret «sit no som støpt» og publikum som kjem til Fosnavåg konserthus søndag får høyre korsong av høg klasse. Siréne nyttar denne konserten til å teste nervar og publikumsrespons. Dirigent Torgeir Hauge er nøgd med å få prøve ut NM-programmet i topp akustiske lokaler, med eit interessert og kravstort publikum tilstades.
Herøy Brass
Herøy Brass er i «startgropa» med omsyn til øving på sitt NM-program. I februar 2018 deltek dei for fyrste gong i NM for brassband i Bergen.
Medlemane er motiverte og er komne i godt øvingsdriv. Repertoaret til NM er ikkje konsertklart enno, men publikum kan gle seg over mykje flott brassmusikk og NM-kvalitet i framføringa.
Vår konferansier vil knyte aktørane, musikken og publikum saman.
Hovudsponsor for Herøy Brass:
Nordea og Kvadratbygg
Dato | Kva |
---|---|
04 feb |
Eva Weel Skram Herøy kulturhus |
05 feb |
Hest, fest og heimlengt! Herøy kulturhus |
11 feb |
Marion Ravn Herøy kulturhus |
19 feb |
Morten Abel Herøy kulturhus |
20 feb |
12 gode råd - Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen Herøy kulturhus |
05 mar |
Arild Andersen Group Herøy kulturhus |
07 mar |
Oppdrag Mottro: Linda Eide Herøy kulturhus |
10 mar |
Bernhoft solo Herøy kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no