Sirkus Saragossa

Søndag, 7 oktober, 2012 klokka 18:00:00

Sirkus Saragossa er årets store familieframsyning - ei spektakulær og magisk oppleving med trylling.

I dette nyskrive stykket får du møte den fantastiske sirkusfamilien Saragossa; sju år gamle Elvis, mora hans Mercedes med den flotte mustasjen, bestemora Lola som er kanonkonge, og onkelen Sonny som er klovn. Elvis og familien hans flyttar inn i Villa Dejavu i ein liten by på Vestlandet. Men livet i ein småby er ikkje alltid like greitt når du er barn i ein sirkusfamilie og er flinkare til å trylle enn å lese. Heldigvis blir Elvis raskt ven med vesle Finn, og saman finn dei på mykje moro som set heile byen på ende.

Sirkus Saragossa er ein herleg historie for heile familien om det gode sirkuslivet, om venskap og om at det er plass til alle - til og med om du er kvinne med bart, eller om du er liten eller stor, og om du kan lese eller ikkje.
Sirkus Saragossa er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater.

Stad
Parken Kulturhus
Parken Kulturhus
6025
ÅLESUND
Kommune: