Sivert Høyem

Sivert Høyem. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Sivert Høyem. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Søndag, 13 november, 2016 klokka 19:30

Eit nattleg lys skin over Sivert Høyem sitt nye album «Lioness». Fortsatt beveger artisten seg gjennom eit skyggefullt landskap, men det er eit varmt lys som kastar skuggane. Det blir ståplassar foran scena med 18-årsgrense, og sittande på bakre amfi utan aldersgrense.

Sivert Høyem er innehavar av ei stemme som må sjåast på som ei av landet sine naturressursar og han har ein klang og ei evne til å frasere som minnar om ein klassisk musikar. På det siste album, Lioness - blir Høyem sin vokal løfta fram, ikkje berre av det ytterst solide bandet han omgir seg med, men også av ein rik, organisk vev av strykarar og akustiske instrument. «Lioness» er eit album som pulserar av varme og liv.

«You are, you are my lioness/And I am truly blessed to be your willing plaything», syng Høyem i tittelkuttet. Det er noko leikent og frihetssøkande pa° denne plata, ikkje minst i Høyem sine vokalleveringar, som spenner frå fyldig baryton via gruslagte bluesfrasar til inspirert soulfalsett. 

I vinter selde han ut Oslo Spektrum, Grieghallen i Bergen og ein heil mengde andre store konsertlokalar. Det er ein bragd berre ei handfull norske artistar kan smykke seg med.

Om plata skriv Aftenposten: «Som en av norsk rocks største er Høyem selvfølgelig sammenlignet med mange utenlandske herrer før, men aldri har han operert nærmere Nick Cave og hans The Bad Seeds enn her. Og det er et kompliment, når «Lioness» kan plasseres i den digitale strømmehyllen nært Caves siste opus «Push the sky away».»

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: