ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Kurs i folkedans og folkemusikk på fele og hardingfele for barn i Møre og Romsdal
Sjokoladekappleik og kurs i Tresfjord helga 29. og 30. september
Klart for Sjokoladekappleik i Tresfjord
Etter at fristen for påmelding tilSjokoladekappleiken i Tresfjord på søndag har gått ut, er Spelemannslaget Dåm og Drag særs fornøgd med interessa for arrangementet. 55 born og unge er påmeldt med innslag frå scena. Deltakarane kjem frå heile Møre og Romsdal, frå Aure i nord til Herøy i sør.
Sjokoladekappleiken er eit arrangement der born og unge som driv med folkemusikk og folkedans får opptre i ein setting der det ikkje er fokus på poeng og rangering, men tips og råd av tre dommarar. Desse tilbakemeldingane skal vere oppmuntrande, men samstundes konstruktive med tanke på vidare øving og deltaking på andre kappleikar.
Alle deltakarane får sjokolade i premie, og dei er det lokale butikkar i Vestnes som har sponsa. Dessutan skal arrangørane spe på med noko sunt i premieposane, og kanskje noko som som tannelegen anbefalar.
Sjokoladekappleiken vert arrangert i samarbeid med Møre og Romsdal Folkemusikklag, og skal haldast på Tresfjord skule og fleirbrukshus. Arrangementet er ope for publikum.
Kurs i tradisjonsmusikk
Laurdag huser skulen også kurs i regi av Møre og Romsdal Folkemusikklag. Fylkeslaget har hyra inn nokre av fylket sine beste instruktørar til å kurse ungdommar i tradisjonsmusikk og dans. Det blir kurs i felespel og hardingfele, runddans og bygdedans samt innføringskurs i vokal folkemusikk, også kalt kveding.
At folkemusikktradisjon lærast vidare til born og unge vil alltid vere ein føresetnad for å bygge eit levande folkemusikkenmiljø. I tillegg til å få undervisning blir ungdommane her også kjent med andre som driv med det same. Ei sosial helg med kurs og påfølgande kappleik vil soleis kunne vere med å styrke folkemusikkmiljøet i fylket. Arrangøren ser difor fram til ei trivleg helg med tilbod og aktivitetar for born og unge.
Instruktørar:
Britt Elise Skram - fele
Sigmund Eikås Hardingfele
Mathilde Øverland kveding
Anna Gjendem bygdedans og runddans
Vidar Underseth - bygdedans og runddans
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no