Sjokoladekappleik og tradisjonskurs i folkemusikk

Fredag, 4 november, 2016 klokka 12:00
Laurdag, 5 november, 2016
Søndag, 6 november, 2016
Måndag, 7 november, 2016

Møre og Romsdal folkemusikklag og Valldal spelemannslag inviterer interesserte frå heile fylket til kurs og Sjokoladekappleik i Valldal, 5. og 6. november 2016.

Valldal Spelemannslag inviterar til Sjokoladekappleik på Valldal skule 6. november. Sjokoladekappleik er eit uformelt kappleiksarrangement for born og unge som driv med tradisjonsmusikk og -dans. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik! Meir info og påmelding: http://www.folkemusikklag.no/sjokoladekappleik-i-valldal-2016.5911361-26...

Dagen før inviterer Møre og Romsdal folkemusikklag til Tradisjonskurs på Valldal skule, 5. november. Her kan ein kan melde seg på kurs i dans, fele, song og hardingfele. Meir info og påmelding: http://www.folkemusikklag.no/tradisjonskurs-i-valldal.5911363-269781.html

Stad
Valldal skule
Kommune: