Skjemtegauk 2014

Plakat Skjemtegauk. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Plakat Skjemtegauk. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 4 juli, 2014 klokka 21:00
Laurdag, 5 juli, 2014 klokka 21:00

Skjemtegauk 2014 opnar dørene fredag kveld, og er i år lagt til Sjøborg kulturhus, og det vert flatt golv med småbord.

Fredag 4. juli kl 21.00
Opningskvelden i denne ellevte festivalen i rekka har Halvor Hravn Jellum Johansson, Siri Seljeseth, Tomas Nesse og Årets Skjemtegauk frå 2012, Joachim Skage på scena.

Laurdag 5. juli kl 21.00
Festivalen vert avslutta laurdag, med Jahn-Gorakh Mjaavatten-Bremdal, Arnt Finesse, Rune Lothe, Henrik Farley og Årets Skjemtegauk frå heilt attende til 2005, sjølvaste Christer Torjussen på scena.

Quality Hotel Ulstein står for sal av forfriskningar i salen.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 160,-

Billettar i sal frå fredag 6. juni kl 12.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: