Skjemtegauk 2016 - Alle gode ting er tretten!

Skjemtegaukfestivalen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Skjemtegaukfestivalen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 12 august, 2016 klokka 21:00

Arrangørane bak Skjemtegaukfestivalen er klare til ei ny helg med humor, og skriv fylgjande om årets festival: Me tek nok ikkje munnen for full når me påstår at Skjemtegaukfestivalen i år blir tidenes standuphelg i Ulsteinvik!

På scena står dei to siste vinnarane av nykommarprisen på Humorfest i Bergen, Mariell Køste og Maria Stavang, begge i sin fyrste opptreden på Skjemtegauk. Magne Storvik kjem frå Ålesund for sin retur til Skjemtegauk-scena, ni år etter sist gong. Og rykta seier at han er i storform.

Saman med dei kjem regjerande “Årets Skjemtegauk”, André Ulveseter. Men han er ikkje den einaste tidlegare vinnaren av den gjeve prisen. Me har også med vinnaren frå 2014, Halvor Johansson, vinnaren frå både 2009 og 2010, Vidar Hodnekvam og vinnar frå 2005, Christer Torjussen.

Fredag står Vidar Hodnekvam, André Ulveseter, Christer Torjussen og Magne Storvik på scena på Sjøborg.

Laurdag kjem Mariell Køste, Maria Stavang og Halvor Johansson på scena, saman med ein komikar til. Denne blir offentleggjort så fort det er på plass.

Festivalen finn du på Sjøborg kulturhus fredag 12. og laurdag 13. august. Framsyningane startar klokka 21.00. Festivalpass som dekkjer begge kveldane kan du kjøpe her.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 
Festivalpass kr 300,- (inngong til begge dagar)
Pr dag kr 170,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: