Skodje sogelag - temakveld / slektsgransking

Torsdag, 26 april, 2012 klokka 19:00:00

Skodje sogelag kjem no med eit nytt tilbod til alle som er interessert i lokalhistorie, der sogelaget vil inveitere til temakveldar eit par gangar i året. Her vil ulike emne bli tatt opp som er aktuelle for folk med tilknyting til Skodje.

Første temaet er slektsgransking, som mange allereie er engasjert i. Interesse for eigen familie med forgreiningar rundt om i landet, og særleg for slekta bakover i tid, er stor. Kjennskap til røtene og eige opphav er både interessant og det har meining for å forstå vår eiga tid.

Temakvelden torsdag 26. april kl 19.00 på Gomerhuset vert arrangeret i samarbeid med foreininga DIS-Norge (Databehandling i slektsforskning):

- Liv Sølvi Skramstad frå lokalavdelinga i Ålesund vil informere om korleis ein kan komme i gang med slektsgransking, korleis finne fram til opplysningar i kyrkjebøker og historiske arkiv, og kva som finns av dataprogram og hjelpemiddel.

- Harald Vågene frå Skodje sogelag vil fortelje om eige engasjement i sleksgransking gjennom 20 år og vise eksempel.

Sogelaget vi i tillegg drøfte korleis ein kan komme igang med eiga foreining eller nettverk i Skodje, og korleis ein kan samarbeide med DIS og lokalforeiningane i nabokommunane. Målet er at alle med interesse for slektsgransking i Skodje kan få eit fellesforum og møtestad som kan inspirere, hjelpe til med å komme igang for nybegynnarar, og vere ein stad for utveksling av erfaringar og felles interesser.

Stad
Gomerhuset
6260
SKODJE
Kommune: