Skodjedagane 2014

Skodjerittet 2014. Foto: Aase Kristine Haldorsen Bolstad.
Laurdag, 13 september, 2014 klokka 12:00
Søndag, 14 september, 2014 klokka 18:00

Skodje skulekorps ønskjer vel møtt til SkodjeDagane 2014!

Skodje skulekorps starta i 1984 tradisjonen med stor messe på Skodje og vi er stolt over å markere 30-årsjubileum i år. Messa har vore arrangert kvart år sidan 1984. Kjell Vidhammer og Paul Birger Tysnes var sentrale og engasjerte karar som i lag med styret i skulekorpset arrangererte SkodjeDagane for første gong hausten 1984, deretter har dette vorte ein tradisjon kvart år i midten av september. Messa starta i det små og har etter kvart vakse seg så stor at det dei siste åra har vore trangt om plassen for utstillarar både ute og inne.

Utstillarane kjem frå heile fylket og messa har etterkvart fått ordet på seg for å vere ei kvalitetsmesse.
Skodjerittet, sykkelritt for store og små, vert det i år også. Om veret er i godlune har vi eit stort hoppeslott for dei minste, elles vert det ymse oppvisingar ute og underhaldning frå scene inne i messehallen. Vi får sjå både sykkeltriksing, tryllekunstar og høyre vakker song.
Unge talent frå Skodje og Ålesund får høve til å vise seg fram og vi vonar at publikum tek godt i mot dei.

Messa er viden kjend for sine gode kaker og vi har i år drista oss til å ha ein uhøgtidleg kakepyntekonkurranse med 3 deltakarar, som for open scene skal pynte kake og få vurdering frå dommarpanelet (sjølvsagt er det lidenskaplege kakekjennarar).
Kafeen fristar begge dagane med kaker og middag.

Tradisjonen med SkodjeDagane klarer vi å bere vidare takka vere engasjerte korpsmedlemmar og foreldre. I tillegg har vi mange friviljuge hjelparar med tilknyting til korpset som baker kaker og stiller opp på dugnad denne helga og desse fortener stor takk. Ei stor takk også til Skodje kommune og kultursjef Magne Fylling spesielt, for at de legg så godt til rette for arbeidet vårt.

Denne helga legg grunnlaget for korpsøkonomien. Like mykje vonar vi at det skal vere eit aktivitetsbidrag som set Skodje på kartet og verkar positivt for innbygarane i Skodje.

Mange utflytta nytter denne helga til heimkome - helg.
Vi ønskjer vel møtt til trivelege dagar 13. og 14. september.

Stad
Gomerhuset
Kommune: 
Kategori: