Skodjedagane 2015

Laurdag, 19 september, 2015 klokka 00:00
Søndag, 20 september, 2015

Skodje Skulekorps ønsker velkommen til SkodjeDagane 2015. Utstillarane kjem frå heile fylket og messa har ord på seg for å vere ei kvalitetsmesse. Skodjerittet vert arrangert i år også i regi av Skodje Kommune. Om veret er i godlune har vi hoppeslott for dei minste. I tillegg har vi bruskassestabling, ansiktsmaling, loppemarked og båtbygging. Elles vert det ymse oppvisningar ute og underhaldning frå scene inne i messehallen.

Kafeen fristar begge dagane med kaker og middag.

Loppemarknaden er arenaen for gjenbruk – her kan du levere lopper eller finne nye skattar. Vi tek i mot det meste av ting og tang, så sant det er brukande og enkelt å handtere.
Lopper kan leverast på Gomerhuset, fredag 18. september frå kl. 18:00. Har du lopper, men treng hjelp til å frakte dei, kan du ringe vår kontaktperson Knut Perry Græsdal på tlf. 97512114.

Dei fleste utstillarane er no på plass, men har du ønske om å vere utstillar på SkodjeDagane 2015 kan du ta kontakt med Olaf Thurley Skrøppa på e-post: skodjedagene@hotmail.com eller tlf. 952 59 296. Frist 6. september.

Tradisjonen med SkodjeDagane klarer vi å bere vidare takka vere engasjerte korpsmedlemmar og foreldre. I tillegg har vi mange friviljuge hjelparar med tilknyting til korpset som baker kaker og stiller opp på dugnad denne helga og desse fortener stor takk. Ein stor takk også til Skodje kommune, og kultursjef Magne Fylling spesielt, for at de legg så godt til rette for arbeidet vårt.

Denne helga legg grunnlaget for korpsøkonomien. Like mykje vonar vi at det skal vere eit aktivitetsbidrag som set Skodje på kartet og verkar positivt for innbyggjarane i Skodje. Mange utflytta nyttar denne helga til heimkomehelg.

Vi ønskjer vel møtt til trivelege dagar 19. og 20. september.

Hovudsponsorar for SkodjeDagane 2015:
Mørehus og Sparebanken Møre

Stad
Kommune: