Skruk & Vocal Divas

Skruk og Divas. Fotokjelde: Fosnavåg kulturhus.
Skruk og Divas. Fotokjelde: Fosnavåg kulturhus.
Søndag, 17 april, 2016 klokka 16:00

Konsert med Skruk og Vocal Divas frå Santiago de Cuba

Endeleg kjem SKRUK til Fosnavåg konserthus! 

SKRUK har sidan starten i 1973 gjeve ut nærare 30 album. Flesteparten er utgjevne på Kirkelig Kulturverksted. Koret sine rundt 50 songarar er spreidde over heile landet og møtest for øving og konsertar i løpet av året.

SKRUK har gjennomført mange spanande samarbeid med andre musikarar. I 1978 gav koret ut plata Av moll er du komen – til dur skal du bli der, dei bearbeidde norske religiøse folketonar i samarbeid med Henning Sommerro og gruppa Vårsøg. Vidare kom plata Kvite som negrar ut i samarbeid med Ytre Suløens Jazzensemble ut i 1981.

Koret har også gjeve ut platene Smykker frå bedehuset (1979) og Klenodier (1985) der gamle bedehussongar vart arrangert for SKRUK av etablerte komponistar som Knut Nystedt, Trond Kverno, Per Inge Almås og Harald Herresthal. Koret heldt òg konsertar med stoff frå desse platene.

I 1990 kom cd-en Slipp mine fløyter fri ut i samarbeid med den Ecuadorianske gruppa Altiplano. Plata bar preg av både norsk og sør-amerikansk musikk. I eit samarbeid med komponistane Siyavoush Kerimi og Galib Mamedov frå Azerbaijdsjan, og med tekstar av Erik Hillestad, kom Landet vi kommer fra med aserbadsjansk musikk i 1997.

SKRUK har i seinare tid hatt mange liknande prosjekt på tvers av sjangrar og kulturar med dirigent Per Oddvar Hildre og Erik Hillestad frå KKV som initiativtakarar: I 2003 spelte dei inn Krybberom med artisten Rim Banna frå Nasaret. Plata består av ei samling tolkninger av sanger om hyrder, engler, Betlehem og flukten til Egypt: 14 norske og internasjonale julesanger. Arrangør og pianist er Tord Gustavsen. I 2008 spelte SKRUK og Katia Cardenal frå Nicaragua inn Messe for Kari og Ola. Eit spennande møte mellom Norge og Nicaragua og gammel messetradisjon med ein fristilt måte å betrakte kirkens budskap på.

I 2010 spelte SKRUK inn I vinens speil med den iranske songaren Mahsa Vahdat. Plata består av sufidikt av Rumi og Hafez gjendiktet av Mahsa Vahdat og Erik Hillestad, fremført av SKRUK og Mahsa i arrangementer av Tord Gustavsen.» … et usedvanlig vakkert og kraftfullt møte mellom persisk tradisjonell sang og norsk kirkemusikk og jazz. Den er egnet til meditasjon og fordypelse i hvordan menneskehjertet er det samme til alle tider og i alle kulturer.» 

I 2013 reiste SKRUK til Sørøst-Tyrkia for å besøke dei mer enn 1600 år gamle klostrene Mor Gabriel og Mor Augin. Her spelte dei inn plata Sangen fra Katakombene saman med munkar frå klostra. Med musikk arrangert av Siyavush Karimi og Henning Sommero og tekst av Erik Hillestad består plata av ein kollasj av autentiske innslag fra den syriakiske liturgien og narrative sanger på norsk. Songane gjengir dels metaforikk og trusuttrykk fra urkirka, dels fortel dei om marginaliseringen og ekskluderingen den syriskortodokse kirka i vår tid er utsatt for.

SKRUK har med seg Vocal Divas som var første kvinnelige a cappella vokalgruppe på Cuba. Den vart etablert år 2000 i «kor-byen» Santiago de Cuba. Gruppa Vocal Divas sprang ut av det profesjonelle koret «Coro Madrigalista» som er Cubas eldste kor.

Sida oppstarten har VOCAL DIVAS med sitt særeigne format: 2 sopranar og 3 kontraaltar, utforska cubansk og karibisk populærmusikk og folklore. Etter kvart har dei også fått med amerikanske og afrikanske melodiar på repertoaret. Arrangementa er tilpassa deira spesielle format og medlemmane sine spesielle eigenskapar. Gjennom det musikalske arbeidet som vert gjort av gruppa, medverkar i den sosiale utdanninga av ungdomar, som igjen arbeider med barnekor.

Sidan stiftinga av gruppa, har songarane i Vocal Divas også vore med å utvikle Esteban Salas Conservatory og vore med i utdanninga av nye studentar. Dei arbeider også som konsulterande musikklærarar og dirigentar i prosjekta «Arbeid med barn for korn» «Fra korn til brød» og «Vox Melodía», der unge studentar av Vocal Divas-lærarar får utvikle seg som dirigentar.

Dei har gitt ut ein rad CDar og dei har medverka ved mange festivalar.

Medlemmane i gruppa er:
Silvia Margarita Calzado Derouville, kontraalt og dirigent
Adriana Porto Rodríguez, kontraalt
Dayana Batlle Samón, sopran
Danais Palmero Gomez, sopran
Vivian Mendo Alcolea, kontraalt

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: