"Skymingslandet II" - Jakob Sande i ord og tonar.

Jakob Sande. Biletkjelde: Storfjord Kulturhus.
Jakob Sande. Biletkjelde: Storfjord Kulturhus.
Laurdag, 6 september, 2014 klokka 19:30

Dikta og songane til Jakob Sande står høgt i kurs hjå publikum på Sunnmøre. Denne framsyninga er eit framhald av suksessen vi hadde med "Skymingslandet" under Strandadagane i 2011. Etter tallause oppmodingar om reprise, set vi no opp del II, ein Sande-kveld bygd på same lest som den forrige, men med nokre nye innslag både av stoff og aktørar.

Rune Hagebakk har lege i hardtrening lenge for å memorere dei mange dikta, berre slik han kan...

Vidar Skogly er framleis tilretteleggar, kapellmeister og forteljar,

og elles er desse med:

Sigurd Drege - song

Elin Dyrkorn - fele / song

Gunnar Inge Eide - tangentar

Knut-Arne Humberset - song

Halstein Kurseth - gitar, song, trommer

Morgan Pedersen - gitarar

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: