Slåttedagar på Vollasetra

Slåttekar på Langbakksetra 2014, Vollasetra i bakgrunnen.
Fredag, 18 august, 2017 klokka 00:00
Laurdag, 19 august, 2017
Søndag, 20 august, 2017
Måndag, 21 august, 2017

Bli med på slåtten på Vollasetra og Langbakksetra øvst i Sunndal kommune. Nyt arbeidsfellesskapet, naturen og kulturhistoria, tre i eitt.

Slått og skjøtsel av seterlandskapet blir utført av Naturvernforbundet med venner for å ta vare på det biologiske mangfaldet. Arrangementet gir høve til ljåslått og alt det andre onnearbeidet, alle kan prøve seg. Her er mykje fin botanikk som ein kan lære meir om. Tur i området kan kombinerast. Opphaldet på Vollasetra for dei som deltar blir dekt av Naturvernforbundet. Meir informasjon og påmelding: www.Naturvernforbundet.no og Øystein Folden, tlf. 918 12 542.

Stad
Vollasetra
Kommune: