Smak av Ulstein - Eva Weel Skram

Eva Weel Skram. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Eva Weel Skram. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 8 juni, 2017 klokka 20:00

Smak av Ulstein 2017

Eva Weel Skram utgjer saman med Thomas Stenersen bandet Eva & The Heartmaker. Denne kvelden spelar dei som akustisk duo, noko som gir publikum ein unik sjanse til å oppleve Eva frå ei meir intim side enn ein gjerne er vant til.

2016 blei året der det verkleg løsna for Eva. Ho gjesta årets sesong av "Hver gang vi møtes", som viste Eva i godt selskap med mellom andre Wenche Myhre, Ravi, Admirap P og Henning Kvitnes. Ho smelta dei fleste hjarter i lande med sin nydlege versjon av Henning Kvitnes sin låt "Evig Eies" og med si fantastiske tolkning av Oscar Danielson sin låt "Besvärjelse" som Eva gjorde til sin eigen under namnet "Vi lovar" frå scena i Grieghallen under årets Gullruten.

Som om ikkje det var nok, fikk Eva sitt fyrste barn, og midt opp i alt dette spelde ho ei drøss med konsertar over heile lande som  som kuliminerte i ikkje berre ein, men to utselde festkveldar i Operaen i Oslo.

Eva & The Heartmaker har for lengst etablert seg som ein av Noregs mest suksessfulle popgrupper, og har ein eigen evne til å produsere hits som få andre. Med ein imponerande mengde konsertar på nakken er det ingen tvil om at Eva leverer varene frå scena. Med slåande popperler som "Mr. Tokyo", "Signals", "Gone in a flash", "Traces of you", "Joanna", "Calling You" og "Told You" som alle har dominert radiolistene har Eva mottatt vidstrakt anarkjenning frå både publikum og kritikarar.

Eva har ikkje tenkt å legge seg på latsida i 2017. Ho jobbar med nytt album og gler seg til å spele for endå fleire fans. Allereie våren 2017 legg ho ut på ny turne, og vitjar Sjøborg kulturhus torsdag 8. juni.

God stemning er garantert!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 375,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: