Snekker Andersen og julenissen

Snekker Andersen og julenissen. Illustrasjon: Victoria Productions
Snekker Andersen og julenissen. Illustrasjon: Victoria Productions
Søndag, 9 desember, 2018 klokka 16:00

I år vert det ei merkeleg og spennande julaftan for snekkar Andersen! På vei til vedskjulet for å ta på seg julenissedrakta kolliderer han med ein annan i julenissedrakt. Han sei han er julenissen, og kanskje dei skal bytte? Julenissen går til snekker Andersen sine born og snekker Andersen går til julenissen sine.

Men korleis er julenisseborn? Er dei veldig ulike frå vanlege born? Og kva i all verda skal dei få til jul? Snekker Andersen tek oppdraget!

Velkomen til ei rotnorsk juleforestilling med leik og moro, song og dans, undring og glede! Med «Romjulsdrøm», «Musevisa», «Julekveldsvisa» og mange fleire av Prøysen sine udødelige songar vil denne forestillinga garantert gjere at julestemninga legg seg som eit varmt og godt teppe rundt heile familien.

Og kven veit, kanskje alle borna får treffe julenissen etter forestilling?

Av og med Victoria Productions.

Varigheit 60 min.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21, laur 11-17 og søndag 12-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 200,-

Familiejulebord på Quality Hotel Ulstein
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Denne dagen har Quality Hotel Ulstein familiejulebord frå kl 14.00. Ta kontakt med dei for reservering av bord og meir informasjon, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: