Solveig Slettahjell og Morten Qvenild

Søndag, 2 september, 2012 klokka 19:00:00

Slettahjell er utan tvil ein av våre beste songarar og overalt der ho opptrer begeistrar ho publikum. I oktober i fjor var Solveig Slettahjell igjen aktuell med nytt album, Antologie eit reint duo-album med pianist Morten Qvenild, der dei gjer sine favorittlåtar av sine favorittartistar i ny drakt.

Albumet har sidan sleppet vore høgt på VG-lista og andre albumlister, og Slettahjell fulgte opp med sin mest omfattande Noregsturné nokonsinne. I februar/mars vart albumet gitt ut i Tyskland etterfulgt av fire veker med turné. Mottakinga har vore overveldande og det fins ikkje mange stemmer i landet som rører slik Solveig Slettahjell gjer. No står Ørsta kulturhus for tur!

Stad
Teatersal
Adresse
6150
ØRSTA
Kommune: 
Tema: