Sommardans - Bakarbandet og OldPlay

Bakarbandet. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Bakarbandet. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 10 juni, 2017 klokka 21:00

Det vert god stemning når dei lokale banda OldPlay og Bakarbandet spelar opp til dans i festivalteltet på Kulturallmenningen.

Om ein blandar musikksjangrar som folk, country, blues, bluegrass, r&b og rock blir det ein miks som i opphavslandet USA gjerne vert kalla Americana. I ein slik amalgam av ulike musikkformer har lokale musikarar funne tonen i Bakarbandet.

I sentrum står gode låtar, fleirstemt song og bruken av akustiske instrument som gitar, mandolin, fele, piano, trommer/perkusjon og kontrabass.

Besetninga i Bakarbandet skulle vere godt kjende i det lokale musikkmiljøet og er som fylgjer:
Ståle Rasmussen- Gitar, mandolin, vokal
Eileen Hareide Brandal - Vokal
Leiv Arne Nydal - Fele
Øyvin Sønnesyn - Gitar, banjo, vokal
Terje Høydal - Gitar
Ole Kristensen - Gitar
Tore Roppen - Piano, Keyboard
Bertil Tødenes - Trommer, perkusjon
Øystein Djupvik - Kontrabass, vokal

OldPlay vart starta i 2015, med ei besetning beståande av  godt vaksne karar med humør, speleglede og sceneerfaring. Nokre av medlemmane i OldPlay har nemleg bakgrunn frå danseband som Charlie og Galaxy Band heilt tilbake til 80-talet, medan andre har sin bakgrunn frå andre musikkonstellasjonar.

Bandet består av:
Tomas Håndlykken - Vokal og gitar ( og yngstemann i gjengen )
Herman Klungsøyr - Gitar 
Magne Grimstad - Bass og vokal
Bjarte Hauge - Tangentinstrument og vokal
Paul-Sindre Tarberg - Percussion, munnspel og vokal
Ronny Håndlykken - Tromme og vokal

OldPlay spreier glede på store og små scener ved hjelp av eit repertoar som strekkjer seg frå 70-talet og fram til i dag. Dette er musikk som ristar i dansefoten til både ungdom og godt vaksne.

Bandet spelar pop og rock, og er inspirert av artistar som mellom andre:  TOTO, Eagles, Bryan Adams, Procol Harum, Christopher Cross, Henning Kvitnes og DumDum Boys.

Arrangementet har skjenkeløyve og aldersgrense 18 år.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 250,-

18 års aldersgrense.

Showet er i festivaltelt på Kulturalmenningen.

Arrangør: Kulturkontoret i Ulstein og Ratata AS (servering).

Ungdom (18-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: