Sommarkonsert med Ulstein kulturskule

Sommerbass. Fotokjelde: Sjøborg kulturhus
Onsdag, 5 juni, 2013 klokka 18:00

Kulturskulen i Ulstein er igjen klar til å halde opningskonserten på «Smak av Ulstein.» Konserten vil spegle det idèrike mangfaldet og breidda som Ulstein kulturskule er tufta på.

Her vil ein oppleve kraftfull dans til friske tonar, solistar, samspel, orkester og fellessong.

Eit variert program presentert av lærarar og eit knippe unge utøvarar frå heile kommunen, samla i fellesskapet kulturskulen. Konserten vil også vise den høge kvaliteten som er ved skulen, og også vere ei avsluttande markering av undervisningsåret.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 100,-
Born (t.o.m. 15 år) kr 50,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: