Sommarkonsert med Ulstein kulturskule

Ulstein Kulturskule. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Ulstein Kulturskule. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Onsdag, 8 juni, 2016 klokka 18:00

Under Smak av Ulstein, er det tradisjonen tru, Ulstein kulturskule som står for opningskonserten. Konserten er lagt til 8.juni kl.18:00 på Sjøborg.

Kulturskulen i Ulstein er ein viktig del av borna sine oppvekstvilkår og hos oss får dei med seg verdiar for heile livet.

Denne konserten er tenkt som ein mønstringskonsert med store grupper og stort mangfald. Men også enkelte solistinnslag.   Konserten vil ha eit varierande innhald  med utøvarar på ein rekke instrument. Her er det duka for musikkglede og talent på rekke og rad. Elevane på visuelle kunstfag vil stille ut sine arbeid og vi vi får innslag av klassisk ballett og jazzballett. Som alltid ved kulturskulekonsertar, er det elevane som skal stå i fokus med støtte og motivasjon frå dyktige lærarar i bakgrunnen.

Vi ønsker alle hjarteleg velkomne til det vi trur det vil bli ein fin og stemningsfull konsert denne onsdagen på Sjøborg og vi håper sjølvsagt på stappfull sal!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Vaksne kr 150,-
Born (opptil 16 år) kr 75,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: