Sommarutstilling frå Astrid Runde Saxegaard

Astrid Runde Saxegaard. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Måndag, 20 juli, 2015 klokka 00:00
Tysdag, 21 juli, 2015
Onsdag, 22 juli, 2015
Torsdag, 23 juli, 2015
Fredag, 24 juli, 2015
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Astrid Runde Saxegaard utfordrar publikum med grensesprengande kombinasjonar mellom tekstil og fysiske gjenstandar. Festspelutstillinga, som er inspirert av tillit, står i Ivar Aasen-tunet til 15. august.

– Astrid Runde Saxegaard har eit spennande kunstuttrykk og utstillinga fekk mykje merksemd under Dei nynorske festspela, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Utstillinga skal stå i Galleriet i heile sommar.

Saxegaard har vore med på å fornye og utvide tekstilkunsten med arbeida sine, og er ein anerkjent kunstnar som for første gong stiller ut i Volda/Ørsta. – Å vere festspelutstillar på Dei nynorske festspela stod på ønskelista mi og det var både ekstra kjekt og utfordrande å stille ut i heimtraktene, seier kunstnaren sjølv.

Saxegaard tek tekstilkunsten med inn i eit utvida kunstfelt, der tekstilane spelar på lag med gjenstandar som ein kollasj, i skulpturelle komposisjonar eller i monumentale veggtekstilar. Ho brukar også tekstar som utforskar og utfordrar forståinga vår av den kulturhistoriske identiteten til gjenstandane. Det er ein drivande og fridomselskande energi i installasjonane til Saxegaard, med tema som krinsar om kjønn og identitet, kulturell arv og modernitet, ifølgje kunsthistorikar Tone Lingstad Nyaas.

Astrid Runde Saxegaard er fødd og oppvaksen i Volda og bur og arbeider i Kolbotn. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og har mellom anna stilt ut på Høstutstillingen, Galleri Soft, Galleri Kube og Kunstnerforbundet.

Butikken sel magnetar med motiv av Saxegaard og ein utstillingskatalog.

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 
Kategori: