Sommerpiknik i Svinviks arboret- - Museumsstafetten 2014

Rododendron ved fjorden. Svinviks arboret. Foto: Surnadal museum.
Laurdag, 21 juni, 2014 klokka 00:00

Svinviks arboret er museumshagen framfor nokon her på Nordmøre. Halvor og Anne Svinvik bygde opp denne eksotiske naturhagen i berghamrane ned mot Todalsfjorden frå 1940-talet og utover. Her har det sidan bugna av asiatiske rododendronar, bambus, spesielle lauvtre og bartre frå heile verda. Her kan du frå mai- august vandre rundt i hagen på eiga hand, delta på arrangement, eller få omvising og høyre historia til staden og plantene. Eit besøk verdt er også sommarkafeen i Svinviks arboret. Her finst det blidaste vertskapet og dei be ste blomsterpynta og heimlaga kakene du finn her på traktene på sommaren.

Stad
Kommune: 
Kategori: