Songbird - Rita Eriksen syng Eva Cassidy

Rita Eriksen. Pressebilete.
Rita Eriksen. Pressebilete.
Søndag, 6 mars, 2016 klokka 19:00

Den Store Stemma står i fokus når Rita Eriksen syng seg inn i Eva Cassidy sitt sjelfulle, musikalske univers. I denne konserten får vi endeleg oppleve Rita Eriksen sitt fulle register – slik heile Noreg stemte ho fram som den første vinnaren av NRK-programmet Stjernekamp.

Med si klokkeklare røyst bergtok Eva Cassidy ei heil verd med sine tolkningar av nyare amerikanske klassikarar frå 1960-, 70- og 80-talet. Rita Eriksen er ei beslekta sjel. Ho vaks opp i same tiår som Eva Cassidy og har henta inspirasjon i det same musikalske landskapet – frå soul til blues, folkemusikk til pop.

 

Bunde saman med parallellar frå sine respektive liv og musikalske førebilete byd Rita Eriksen i denne konserten på klassikarar som Fields Of Gold, Over The Rainbow, God Bless The Child, What A Wonderful World, Time After Time, Chain Of Fools og sjølvsagt Songbird.

 

Konsert med Rita Eriksen & trio.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: