Spor av meg

Spor av meg. Fotokilde: Fosnavåg Konserthus.
Spor av meg. Fotokilde: Fosnavåg Konserthus.
Søndag, 10 april, 2016 klokka 17:00

Denne teaterframsyninga tek utgangspunkt i små barns aktive undring, utforskande rørsler og sporsettande lydar. For dei aller minste

Med tekstleg inspirasjon frå Svein Nyhus si vakre barnebok ”Jeg” inviterer Glød/Tussilago Produksjoner til ei fysisk, musikalsk, leiken og poetisk framsyning om det å bli og vere "Jeg". Kven er eg og kva er eg? Kva for spor lagar eg og sett eg? Kva gjer meg til eg? I Spor av meg kombinerer ein ord og bilete, musikk og rørsle, og det heile går føre seg i ei skoglysning, eit landskap av undring, leik og historiar av, om og rundt "Jeg". Det heile vevd saman med vakre, morosame og rare tekstar rundt det å oppdage og definere seg sjølv... og det eg tenkjer på inni meg no? Er det meg? Eller er det noko anna? For kvar sluttar eg? Og kvar begynner eg?

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: