Spring Symphony/Prinsessa og dvergane/Mythology

Laurdag, 27 april, 2013 klokka 18:00
Søndag, 28 april, 2013 klokka 16:00

Ørsta og Volda ballettskule syner: ”Spring Symphony”er ein hyllest til våren med alle sine fargar, forventningar og naturen som vaknar til live.

Dansen er balsam for auge, sjel og kropp. Koreografien er ved Renata Nagy Vynikalova. ”Prinsessa og dvergane” er laga i samband med to hundreårsfeiringa av Ivar Aasen sin fødsel og Språkåret. Koreografane Andy Howitt og Renata Nagy Vynikalova har ilag med dansarane gitt liv til denne fantasiforteljinga frå 1872 av den skotske forfattaren George MacDonald. Han levde og hadde sitt virke på Aasen si tid og var like viktig for utviklinga av den skotske kulturen og språket, som Aasen var det her i landet. Dirfor denne grensesprengjande måten å feire språk og Ivar Aasen på. Verdspremiere. ”Mythology” er ein samtidsdans bassert på norsk mytelogi og vikingtida sett med Renata Nagy Vynikalova og Jiri Nagy sine augo. Denne dansen er full av detaljar og symbol, så her må publikum skjerpe sansane. Lyssetting og kostymer Jiri Nagy.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: