Step back in time / Ørsta og Volda ballettskule

Ørsta og Volda ballettskule. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Ørsta og Volda ballettskule. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fredag, 8 juni, 2018 klokka 18:00

Ørsta og Volda ballettskule er tilbake på scena med sitt andre show for sommaren. "Step Back in Time". Då skal alle elevane innan jazzdans, hip-hop og stepp ta oss med på ei reise tilbake i tid, frå Charleston til vår tids hip-hop. Koreograf Elizabeth Withall ynskjer å vise litt dansehistorie. Musikken og kostyma fortel kva ti-år dei ulike dansane er frå. 

Omlag 250 dansarar er i sving og i denne framsyninga er også mange gutar med. 

Dansane til dei alle yngste på hip-hop har Idun Årset koreografert. 

Lyssetting er ved Ovar Holmen.

Lydansvarleg er Hans Robert Bondhus.

 

Framsyningane skal vere fredag 8.juni kl 18

Laurdag 9. juni kl 18

Sundag 10.juni kl 16

 

Billettsalet startar torsdag 31.mai kl. 18:00, og då er også kinokiosken open for dei som ynskjer å kjøpe billett over disk og ikkje via eBillett eller nettsida vår.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: